Helgepass • Syhelg 23.-24. september

1.000,00 kr

Påmelding til laurdag og søndag. Syhelg 23.-24. september.

Beskrivelse

HELGEPASS! PÅMELDING TIL LAURDAG OG SØNDAG!
Syhelg i Ørsta, 23. september klokka 10:00 – 24. september klokka 18:00 

23.-24. september er det igjen tid for syhelg i Ørsta! Lokalet som blir i nærleiken av butikken – meir info kjem.
Alle er velkomen, uansett ferdigheiter. Er du nybyrjar er dette eit fint arrangement for å få lære mykje nytt. Vi skal kose oss, treffe andre sygale, skravle og sy masse!

Inkludert i prisen er plassleige, goodiebag, frukt, kjeks og kaffi heile helga, middag laurdag og lunsj søndag + drikke. Det er kort veg å gå til både daglegvare (søndagsope) og kafé/resturant, og vi har tilgang på kjøleskap og microbølgeovn for dei som måtte trenge det. Alle som deltek får 10% på absolutt alt i butikken denne helga.

Overnatting: Det vil vere mulegheit til å få overnatte i lokalet med madrass og sovepose, i tillegg finst det diverse overnattingsstadar både i Volda og Ørsta. Ivar Aasen hotell, Ørsta Camping og Volda turisthotell for å nemne nokre. Om du vil at eg skal arrangere anna overnatting for deg (f.eks dele rom med ein annan deltakar), så sei ifrå.

Ta kontakt om du har noko spørsmål! 🙂 Eg gledar meg veldig, bli med du også!

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å vurdere “Helgepass • Syhelg 23.-24. september”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *